No skal små lam ut på havet. Ei stor og spanande verd ventar. For å kome ut av fjøsen for fyrste gong, byr på ekstra utfordringar når ein er sau på Røst. Kari-Anne og dei gode hjelparane hennar får dei trygt fram med nesten militær presisjon. Bonden er spent sjølv også, ein etterlengta gjest er på veg. Det blir eit varmt møte når mamma endeleg kjem på besøk.