Det er snart jul hos Kari-Anne på Røst, og ho har meir å gjere enn nokon gong. Sauene får ein ekstra godbit i høgtida, medan bonden må køyre milevis for å skaffe juletre. Vel heime står oppgåvene i kø, for Kari-Anne skal lage julemarknad i eit hus utan straum og vatn: Det er gran som skal pyntast, karamellar som skal lagast og i vedomnen brenn julebrøda seg altfor fort. Rekk ho å bli ferdig før freden senkar seg over Røst?