Home / Series / Her er eg! / Aired Order /

All Seasons

Season 1

  • S01E01 Cidi

    • October 27, 2005
    • NRK Super

    Cidi kjem eigentleg frå Angola som flyktning til Florø. Han prøver å lære seg norsk medan han skal gjere seg klar til å flytte til ein familie i Bergen. Der vil han få ny mamma, ny pappa og nye syskjen.

  • S01E02 Karoline

    • November 3, 2005
    • NRK Super

    Karoline frå Førde er ei aktiv jente som brukar meisteparten av fritida si på ballett. Heilt sidan ho var lita jenta har ho interessert seg for dans, og ho likar å kle seg ut, pynte seg og stå på scena. Ho øver intenst saman med dansegruppa si til ei stor framsyning dei skal ha i Kulturhuset.

  • S01E03 Kjersti

    • November 10, 2005
    • NRK Super

    Kjersti frå Sogndal driv med kveding og song i lag med songgruppa si. Dei øver kvar veke, og når det nærmar seg sommar, skal dei ha ein stor konsert der dei skal synge for mange folk. Kjersti gler seg veldig til denne konserten der ho også skal synge heilt åleine. Ho er ikkje nervøs, fordi ho har gjort det mange gonger før.

  • S01E04 Ingvild

    • May 20, 2006
    • NRK Super

    Ingvild er frå Hornindal. Saman med resten av ungane i barnehagen skal ho lage eplesaft som skal loddast ut på basar. Pengane dei får inn skal dei gje til den fattige jenta Yebo frå Sierra Leone i Afrika.

Season 2

  • S02E01 Julie

    • June 23, 2007
    • NRK Super

    Julie er frå Jølster. Ho skal vere jonsokbrud og gifte seg på liksom med Espen. Men er brudgommen slik ho håper?

  • S02E02 Sølve

    • August 15, 2007
    • NRK Super

    Sølve er frå Husevågøy. Noko av det beste Sølve veit er nykokte krabbar, og no er han spent på kor mange krabbar han får.

  • S02E03 Hannah

    • August 16, 2007
    • NRK Super

    Hannah er frå Florø. Når ho skal ut for å bade i den kalde oktobersjøen på segltrening ilag med venninnene, må kosedyret Gaupa vere heime og vente.

  • S02E04 Eirik

    • August 19, 2007
    • NRK Super

    Eirik er frå Naustdal. Han skal leggast inn på sjukehus for å operere bort mandlene som gjer at han ofte har vondt i halsen.

  • S02E05 Frida

    • December 28, 2007
    • NRK Super

    Frida er frå Jølster. Ho skal bli storesyster og vil aller helst få ein liten jentebaby, men går det som ho vil?

  • S02E06 Ane

    • December 29, 2007
    • NRK Super

    Ane er frå Nordfjordeid. Ho elskar snø og skal sove i snøhole for fyrste gong. Men det er mange kuldegrader ute, og Ane er spent på om ho får sove.

  • S02E07 Regine

    • December 30, 2007
    • NRK Super

    Regine er frå Hjelle i Eid. For fyrste gong i sitt liv skal ho få lov til å klatre på isbreen, noko ho har gledd seg til lenge.

  • S02E08 Sven

    • December 31, 2007
    • NRK Super

    Sven er frå Stryn. Han bur på ein gard, og no er han spent på om dei nye lamma som kjem frå sauene i fjøset til besta, er like fine som hans eigen sau, Prikken.

Season 3

  • S03E01 Linn Kristin

    • December 1, 2008
    • NRK Super

    Linn Kristin frå Vågsøy er spent på korleis det blir å overnatte i telt for første gong. Kanskje det blir regn, eller kanskje ho må ut midt på natta for å tisse? Heldigvis er pappa med.

  • S03E02 Per

    • December 2, 2008
    • NRK Super

    Per skal på fisketur i lag med far sin. Dei skal setje line på 600 meters djup i Nordfjord. Der håpar dei å få mange fiskar med rare namn: Håmus, skolest, isgalte, skate og fløyelsbuk.

  • S03E03 Berge

    • December 3, 2008
    • NRK Super

    Berge frå Måløy er spent på korleis det blir å begynne i første klasse. Han synes det er dumt at bestevennen Birk ikkje skal gå i same klasse som han.

  • S03E04 Ananda

    • December 4, 2008
    • NRK Super

    Ananda frå Selje må vente lenge på mamma og pappa når dei er på jobb. Dei arbeider på Kråkenes fyr langt ute ved havet. Ananda leikar inne og ute på fyret mens ho ventar på at dei snart skal bli ferdige.

  • S03E05 Sivert

    • December 5, 2008
    • NRK Super

    Ein morgon Sivert frå Florø vakna hadde høna fått ein heilt ny og gul kylling. Sivert ville ikkje gå på skulen, men det måtte han likevel. Der tenkte han berre på om det kom til å kome fleire kyllingar.

  • S03E06 Alexa

    • December 15, 2008
    • NRK Super

    Alexa frå Eid lengtar etter sommar. Men ute er det desember og mørkt nesten heile dagen. Alexa og vennene hennar bestemmer seg for å lage lysfest i skogen.

Season 4

  • S04E01 Anja

    • May 28, 2009
    • NRK Super

    Anja skal overnatte i barnehagen i lag med dei store som skal byrje på skulen til hausten. Ho gler seg veldig til dei skal ha skattejakt, men gruar seg til å sove vekke frå mamma og pappa. Tenk om ho ikkje får sove! Heldigvis har dei vaksne i barnehagen telefonnummeret heim.

  • S04E02 Bjørn Erik

    • June 4, 2009
    • NRK Super

    Bjørn Erik skal vere med pappa på jobb. Han er lastebilsjåfør, og i dag skal Bjørn Erik få vere med på langtur, frå Byrkjelo til Lom. Der lastar dei lastebilen full av dyrefor. For første gong skal Bjørn Erik overnatte i bilen.

  • S04E03 Kristina

    • June 11, 2009
    • NRK Super

    Kristina skal spele pianokonsert ute, på toppen av fjellet ovanfor Førde. Det er eit vanskeleg stykke ho skal spele. Pianolæraren seier ho må øve meir. Kristina lurer på om ho kjem til å klare det, eller om publikum vil høyre det visst ho spelar feil?

  • S04E04 Synne

    • June 18, 2009
    • NRK Super

    Synne hadde ein hund som heitte Bamse. Den beit ho i ansiktet, og derfor måtte den bli avliva. No ventar Synne på at ho og familien skal få ein ny hund. Ho saknar Bamse, men gler seg likevel til å møte den nye hunden.

  • S04E05 Taline

    • June 25, 2009
    • NRK Super

    Taline jagar geitene til fjells. Det er ikkje lett for dei går der dei vil. Taline likar å vere på geitestøylen om sommaren. Kanskje lærer ho å mjølke dei uskikkelege geitene?

  • S04E06 Amanda

    • August 20, 2009
    • NRK Super

    Amanda skal ri over ei elv på hesten Glampi, og er redd for å ramle av hesten. Første gong ho skal krysse elva går det ikkje heilt bra, men heldigvis er det lov å prøve igjen.

  • S04E07 Marie

    • August 27, 2009
    • NRK Super

    Marie ser på storebror Anders når han køyrer firhjuling. Ho vil bli like god som han er. Marie øver før ATV-konkurransen, der ho skal køyre mot storebror og fleire andre gutar. Ein dag skal ho vinne over storebror!

  • S04E08 Julie

    • September 3, 2009
    • NRK Super

    Sol og Julie er tvillingsystrer. I lag med mamma skal dei gå heilt opp på toppen av fjellet Skåla. For å klare å komme opp dit, må dei gå heile dagen. Systrene lurer på om dei klarar å nå toppen. Heldigvis har dei godteri i sekken.

Season 5

  • S05E01 Andreas

    • September 14, 2010
    • NRK Super

    Andreas har lyst til å slå bestefar i golf. Men bestefar er veldig god, og har mange fine premiar i hylla.

  • S05E02 Kristianne

    • September 16, 2010
    • NRK Super

    Kristianne elskar å lese bøker. Men på øya der ho bur er det ikkje bibliotek. Heldigvis finst Bokbåten.

  • S05E03 Aron

    • September 17, 2010
    • NRK Super

    Aron vil lære å surfe, slik som mamma. Men mamma seier han er for liten. Tidleg ein morgon listar Aron seg ut mens mamma søv.

  • S05E04 Sandra

    • September 20, 2010
    • NRK Super

    Sandra gleder seg til denne dagen i barnehagen. For i dag skal barnehagen få høner.

  • S05E05 Marco

    • October 18, 2010
    • NRK Super

    Marco sin bestefar er styrmann ombord i ein kjempestor båt. Når Marco besøker bestefar ombord er han redd for å gå seg vill. Det er fort å gløyme seg, for båten er full av spennande ting.

  • S05E06 Ronja

    • October 25, 2010
    • NRK Super

    Ronja har verdas beste venn, som heiter Ellisiv. Men i morgon skal Ronja flytte til ein plass langt vekk frå bestevennen.

  • S05E07 Viktoria

    • November 1, 2009
    • NRK Super

    Viktoria sin pappa er bakar. Midt på natta får Viktoria vere med pappa på bakeriet. Dei listar seg ut, for mamma må ikkje vite kva dei skal. Viktoria vil overraske mamma med sjølvbaka bollar til frukost.

  • S05E08 Laura

    • November 5, 2010
    • NRK Super

    Laura og storesøster Julie søv i same seng. Men snart skal dei få kvar sine rom.

  • S05E09 Hanna

    • November 9, 2010
    • NRK Super

    Hanna går på ballett. Der øvar dei på ein vanskeleg dans, som heiter Svanesjøen. Snart skal dei vise fram dansen på ei stor framsyning med mange folk som skal sjå.

  • S05E10 Henriette

    • November 10, 2010
    • NRK Super

    Henriette er ute og akar med dokka si. Mamma er på jobb, ho køyrer sjukebil. Dokka krasjar i gjerdet og mister armen. Henriette skundar seg for å ringe til mamma. Ho håpar mamma har tid til å hjelpe.

  • S05E11 Andrea og Kristina

    • December 31, 2010
    • NRK Super

    Det er nyttårsafta. Systrene Andrea og Kristina skal kle seg ut og gå nyttårsbukk. Ilag med vennene sine, går dei frå hus til hus for å få masse godteri.

  • S05E12 Tone

    • May 16, 2011
    • NRK Super

    Tone er aspirant i musikkorps. Visst ho klarar å lære seg alt, skal ho få spele i toget 17. mai. Det er litt vanskeleg, for Tone er redd for å misse noteheftet eller å snuble.