Home / Series / Fjernsynsteatret / Aired Order / Season 14 / Episode 2

Lat ugraset vekse

Fjernsynsteatret syner "Lat ugraset vekse" av Olle Mattson. (Låt ogräset växe, 1971). Omsett av Jo Ørjasæter. Dekorasjoner: Lajla Hovland. Kostyme: Nan Austin. Det er byen sin krig mot bygda svensken Olle Mattson skriv om. Bøndene lever - så vidt og på nåde - dei trugast med ekspropriasjon og freistast med tilbod om tomtesal og omskoling. Eit kraftverk og ein petrokjemisk fabrikk er nett bygde - så blømer vel bygda? Nei, berre ugraset blømer, ugraset får veksa, skogen tek att den dyrka marken. Men krig er det på mange gardar og. Kvar generasjon har sin måte å møta den nye tida på. Stykket fortel om bonden Johannes og familien hans, kona Maria, faren og broren Nils. Nils har flytta frå garden - sviki han, vil Johannes seia. Kan henda Nils vil seia det sjølv og, han strir med noko i seg sjølv, verjar seg mot mindreverdskjensla og går til åtak på andre. "Helvetes svikar... Du stengjer oss ute... stengjer verda ute", seier han til far sin, og trampar på dei gamle bondeideala til bror sin.

Norsk bokmål
  • Originally Aired January 30, 1973
  • Runtime 41 minutes
  • Content Rating Norway 0+
  • Production Company NRK1
  • Created November 14, 2024 by
    Asarajya
  • Modified November 14, 2024 by
    Asarajya
Name Type Role
Stig Egede-Nissen Actor
Wilfred Breistrand Actor
Øyvind Øyen Actor
Ingebjørg Sem Actor