Home / Series / Fjernsynsteatret / Aired Order / Season 13 / Episode 21

Skuggen av ein helt

Fjernsynsteatret syner "Skuggen av ein helt" av Sean O'Casey. (The shadow of a gunman). Omsett av Hartvig Kiran. Sminke: Kari Hermansen. Kostymer: Nan Austin. Dekorasjoner: Willi Nordraa. Handlinga er lagt til arbeidarkvarteret i Dublin, tida er før fristaten vart grunnlagt. I opningsscena møter vi ein av dei aktive fridomskjemparane, mot slutten av stykket kjem soldatar. Ellers er den aktuelle politiske striden berre bakgrunn. Menneska forfattaren skriv om er folkeheltar, opprørsmenn og tapre republikanarar. Men dei er det berre i eiga innbilling. Dei er ikkje heltar, berre skrythalsar - skuggar av heltar. Dei er dagdrivarar, drukkenboltar og kranglefantar. Menneske som lever eit fattig og usselt liv. Dei har bruk for noko som kan kasta glans over kvardagen, så gjer dei andre eller seg sjølve til heltar. Dei som er med: Frank Iversen (Donald Davoren), Jon Eikemo (Seumas Shields), Jan Frostad (Tommy Owens), Lothar Lindtner (Adolphus Grigson), Karin Simonnæs (Mrs. Grigson), Helle Ottese

Norsk bokmål
  • Originally Aired December 19, 1972
  • Runtime 77 minutes
  • Content Rating Norway 12+
  • Production Company NRK1
  • Notes Is a season finale
  • Created November 14, 2024 by
    Asarajya
  • Modified November 14, 2024 by
    Asarajya