Home / Series / Fjernsynsteatret / Aired Order / Season 13 / Episode 19

Yerma

Fjernsynsteatret viser "Yerma" av Federico García Lorca (1898-1936). Skrevet 1934. Til norsk ved Tormod Skagestad. Kostymer: Tull Engø. Dekorasjoner: Guy Krohg. Yerma er steril, eller ho ottast i alle høve for at ho er det. Ho slit seg i sund av di ho ikkje får born. Det er ikkje naturleg for ei kvinne ikkje å få born. Mannen Juan vil ha heim og kone, men ikkje born. Ulukka er at dei vil ha ulike ting og at ingen av dei kan ta imot det den andre mest har å gi, og at dei vil ha nett det den andre ikkje kan gi. Det er det inste i sjølve seksualiteten Juan rammar når han ikkje vil ha barnet hennar. Slik vert kjærleiken til hat. Ein ond sirkel dei ikkje kan bryta. Så ho er unaturleg, då, utanfor livet, ulik kjelda som gir vatn og sauen som får lam, seier ho sjølv. Så er ho ikkje noka verkeleg kvinne, undrast ho. Og vegen ho går for å bli det, er tung. "Blodbryllupet", "Yerma" og "Bernardas hus". I alle tre skriv den spanske diktaren om kvinner på den spanske landsbygda. Saman dannar dei ei

Norsk bokmål
  • Originally Aired October 31, 1972
  • Runtime 84 minutes
  • Content Rating Norway 12+
  • Production Company NRK1
  • Created November 14, 2024 by
    Asarajya
  • Modified November 14, 2024 by
    Asarajya