Fjernsynsteatret viser "Som natt og dag. Bilete frå inngangen til ei ny tid" av Paal-Helge Haugen. Filmen har sin historiske bakgrunn i livet åt småkårsfolk på den norske landsbygda i åra kring den første verdskrigen. Vi møter eit bygdesamfunn prega av samanfallet av den gamle hierarkiske oppbygginga: avskaffinga av husmannsvesenet, byrjande industrialisering, uår, krig og emigrasjon. Det gamle klassesamfunnet skifte ham i denne tida, og det skjedde i ein samanheng der eit lag av embetsmenn og meir velståande bønder heldt makta og råderetten over småkårsfolket ikkje berre i kraft av økonomisk overtak, men også eit tankemessig, sterkt religiøst farga maktgrep. I filmen finn vi motsetningane først og fremst representert ved konfrontasjon mellom soknepresten og "hovedperson", der den siste møter med eit nyvunne, uklart samfunnsmedvet med sosialistisk forankring, og presten representerer ein statisk, pietistisk kristendom med klare samfunnsmessige, politiske implikasjonar. Dei som er med: