Ida sin mamma og pappa er skilt og bur langt vekke frå kvarandre. Når Ida skal besøke pappa må ho og storebror fly åleine. Det synes Ida av og til er skummelt, men samtidig er det kjempefint å besøke pappa og venner der ho budde før.
Harriet Maria skal vere sirkusprinsesse på Cirkus Zorba. Ho skal ri på ein kvit, høg hest, men ho synes hesten er litt skummel. Ho har veldig lyst til å vere sirkusprinsesse, men lure på korleis det skal gå.
Tora skal på lang skitur. For onkel Bjørnar vil vise henne eit isslott. Isslottet ligg langt unna, og så langt har Tora aldri gått på ski før.
Johan elskar å vinne fotballkampar. Men han likar ikkje å tape. Pappaen til Johan er kjempegod i fotball, og han seier at Johan må vere blid sjølv om laget hans taper. Men det synes ikkje Johan er så lett.
Per likar å leike med alle dyra på garden til tanta si. Favorittdyret er ein geitebukk som heiter Bukke-Lars. Men no må Per finne på noko lurt, for Bukke-Lars har blitt så tjukk at Per ikkje kan leike den leiken han likar aller best lenger. Per må rett og slett skaffe pengar for å løyse problemet.
Matilde synes det er fint med øyredobbar. Men ho har berre leikeøyredobbar. Kanskje ho ein dag tørr å ta hol i øyrene?
Lukas dansar ballett. Nokre meiner ballett er jentete, men Lukas vil bestemme sjølv. Snart skal han vere prins på ei Torneroseframsyning - og då må han øve veldig masse.
Trine er så stor at mamma og pappa har bestemt at ho må slutte med smukk. Men Trine har aldri sove utan smukk før, og vil ikkje gje smukken frå seg.
Adrian ser gjennom vindauget at ute har alt vatn frose til is. Han har aldri gått på skøyter før, men har veldig lyst å prøve. Det blir spennande å sjå om Adrian klarar å gå på skøytene, eller om han berre kjem til å dette og slå seg.
Emilie er kjempeflink til å turne. Ho sprett rundt så lett som ingenting. Snart skal Emilie og alle ho turnar ilag med reise på turnstemne. Men mamma og pappa kan ikkje vere med, så Emilie må reise åleine. Klarar ho det skal tru?
Lotte og pappa er ofte på tur ilag. Men denne gangen skal Lotte prøve noko heilt nytt. Ho skal padle i kajakk, og er litt nervøs. For dei skal ut på det opne havet og der kan det bli både skummelt, vått og kaldt.
Andreas bur ein plass der det nesten alltid er vind. Han elskar å leike i vinden, men når pappa vil lære Andreas å segle oppdagar han at sterk vind kan vere litt skummelt og. Så det spørs om Andreas klarar å vere så modig som han vil.
Det aller beste Sofie veit om er å få leike i fred på rommet sitt. Men mamma og pappa har mange sauer, og no må dei hentast ned frå fjellet. Det synest Sofie er kjedeleg. Ho har ikkje lyst. Klarer ho likevel å gå den lange turen på fjellet for å finne sauene?
Syv år gamle Elias elsker å skate. I Stavanger, hvor Elias bor, er det mange som skater, men de fleste er eldre. Elias er den yngste i miljøet og han prøver å bli like flink til å skate som de eldre og kule guttene i byen. Akkurat nå er drømmen å få til det vanskelige trikset. Snart er det finale i årets parkturnering. Skal Elias klare det kule trikset må han øve mye.
Lukas likar ikkje å stå i ro. Han likar best å springe rundt å sjå på alt det rare han finn. Men i eit teaterstykke han skal vere med i, skal Lukas vere ein gut frå gamledagar, som som skal synge og stå fint i ro. Skal tru korleis det går?
Malin har blitt storesøster til ein bitteliten bror, og det er jo fint. Men det skjedde akkurat samtidig som ho skal synge på sin siste sommarfest i barnehagen. Mamma kan ikkje komme fordi ho er med babyen på sjukehuset, så no er Malin både glad og lei seg samtidig.
Leon vil bli skippar når han blir stor. Då skal han vere sjef ombord i ein båt, som heiter Øyglimt. Han øvar seg så ofte han kan, og det beste som finst er å vere med morfar på jobb.
Ada har sin eigen hund. Det er mykje å passe på og det verste ho veit er når ho må plukke opp hundebæsj. Snart skal Ada på ein hundekonkurranse med hunden sin. Det er første gong og Ada er redd for alt det gale hunden kan finne på.
Sivert skal vere med pappa på overnattingstur ute i skogen. Sivert gruar seg, for han er litt mørkredd og trur kanskje det blir veldig kaldt. Og tenk om huldrer finst?
Mina likar kjempegodt å ri. Men for ei stund sidan vart ho kasta av hesten og fekk veldig vondt. No er ho redd for å hoppe med hesten, men likevel har ho bestemt seg for å delta på rideoppvisning.
Emma elskar bilar, og no har ho fått sin eigen vesle bil som vert kalla gokart. Ho øver masse på gokartbanen og snart skal ho delta i sin første konkurranse.
Aurora og Besten er bestevenner. I dag skal dei på fisketur for å fange kreps. Aurora er redd for at krepsen skal bite henne i tommelen, for det har skjedd før. Heldigvis passar Besten på. Aurora er spent på om dei får kreps, eller kanskje dei berre får rare sniglehus og slimete ål?
Hanna elskar å klatre, men mamma og pappa er ikkje så veldig glad i klatring, så Hanna får ikkje klatre så ofte som ho vil. No vil ho prøve å klatre til toppen av Norges brattaste klatrevegg. Veggen når heilt til taket og det er veldig vanskeleg å komme seg heilt opp. Skal tru korleis det går med Hanna?
Tine er veldig spent før ho skal overnatte hos ei venninne for første gong. Det ho er mest nervøs for, er om ho kjem til å vakne midt på natta og har lyst heim att til mamma.
Patrick har så veldig lyst til å bli brannmann når han blir stor, for det er både pappa og farfar. Så ofte som han får lov er han med pappa for å øve seg på å slukke brann. Håpet er å ein dag kunne redde folk frå brann på ekte.
Emily skal vere brudepike når mamma giftar seg. Ho skal passe på gifteringane og bere dei inn i kyrkja, men tenk om ho misser dei! Då blir kanskje ikkje mamma gift likevel!
Gjertrud er ikkje lenger barnehagejente. Ho skal begynne i første klasse og lure veldig på korleis det kjem til å gå, for ho kjenner nesten ingen der.
Amandus er både lei seg og glad. Hunden hans er død og har reist til hundehimmelen. No skal familien få ein ny hund og Amandus lurer på om det går an å bli like glad i den - for fortsatt saknar han gamlehunden heile tida.
Hedda er ei prinsessejente og likar å leike med dokker, men ho likar også motorsyklar. Vanlegvis sit ho i sidevogna på motorsykkelen til mamma, men no skal endeleg få prøve å køyre motorsykkel på bane for aller første gong. Hedda er redd ho vil falle av og slå seg.
Suzanne skal bli storesøster for første gang. Ho har alltid hatt mamma heilt for seg sjølv og er redd for korleis det blir å dele mamma med ein baby.
Leah likar å stå på snøbrett, og aller best likar ho å køyre saman med storebroren William. Men han er nokre år eldre og tar den store skiheisen som går heilt til toppen av fjellet. For å sleppe å stå åleine i den vesle heisen har Leah no bestemt seg for å ta den store heisen for aller første gong. Men vil ho klare det?
Elise er den einaste av vennene som held på med ein sport som heiter taekwondo, men Elise vil det uansett. Ho øver og øver, for snart skal ho ta ein viktig test. Tenk om ho gløymer det ho har øvd på!
Nora likar å lage ting og no har ho lyst til å sy ein kjole heilt alene. Den vil ho gå med i 8-årsdagen sin. Men det er vanskelig å velge rett stoff, og vil ho rekke å sy den ferdig i tide? Nora er også veldig spent på om gjestane som kjem i selskapet synes kjolen er fin.
Sabrin har flytta til Noreg frå eit land i Afrika som heiter Somalia. No må Sabrin lære norsk for å forstå kva lærarane og dei andre barna på skulen seier. Av og til lurer Sabrin på om ho nokon gong kjem til å klare å snakke norsk, for orda er så annleis enn dei ho kan frå før.
Øystein skal flytte til ein annan plass i landet. Men han har ikkje noko lyst, for han likar seg så godt der han bur. Tenk om han ikkje får nye venner!
Kristin skal gjere noko ho aldri har gjort før. Ho skal overnatte i fjøsen i lag med sauene og bestefar. Der skal ho hjelpe til når det kjem nye lam, kanskje midt på natta!
Era er veldig glad i bestefaren sin som ho kallar Besten. Ho har ikkje sett han på veldig lenge, og gler seg til ho skal besøke han på hytta. Men for å kome dit, må ho ta buss over fjellet heilt åleine. Det synest Era er veldig spennande, og litt skummelt.
Linn likar å synge og danse. No drøymer ho om å synge heilt åleine framfor mange menneske. Linn er fødd utan bein, og synes det er dumt at folk stirrar på ho, men ho har likevel lyst til å klare å synge åleine når koret hennar no skal ha konsert.
Vemund hjelper ofte pappa med å mekke på bilen, men no vil han byggje sin eigen Olabil. Klarer han å gjere den fin nok og vil bilen gå så fort at han vinn Olabil-løpet i bygda?
Olianna spelar fiolin og skal spele konsert i lag med ein ho syns er kjempeflink, nemleg Alexander Rybak som vant Melodi Grand prix. Men klarar ho å spele rett? Og får ho helse på Alexander?
Oda Bertine hoppar på ski og drøymer om å bli like god som pappa. For å bli det må ho hoppe i ein stor skibakke, men ho er redd for at ho ikkje tør å sette utfor og at ho skal slå seg.
Johan likar å danse på skøyter, og han syns det er kjempekjekt når storesystera Mathilde er med. No skal han vere med i ei skøyteframsyning, men han er spent på om han klarar å stå på skøytene utan å falle.
Tiril likar å bade, men syns det er dumt at ho er den einaste av vennane som brukar armringar. No vil ho byrja på symjeskule for å lære seg å symje, men er redd for at ho ikkje vil klare å flyte. Den store draumen er å klare å symje ut til ei flytebrygge på eit fjellvatn, heilt utan armringar.
Felix likar både å spele fotball og å strikke, og tek ofte med seg strikketøyet på fotballtrening. No vil han overraske kompisane på fotballaget med å strikke huer til dei. Bestemor skal hjelpe, men vil gutane like huene og vil han bli ferdig i tide?
Tiril har akkurat blitt storesøster til Mathea. No skal Mathea døypast, og Tiril har fått mange viktige oppgåver. Ho skal både seie navnet høgt i kyrkja, ta av hua og lese ein vanskeleg tekst. Men vil ho klare å huske alt ho skal gjere?
Eirik er glad i å segle i lag med familien, og aller helst vil han segle med storebroren Kristian. Men Kristian er betre til å segle enn han, og kan segle åleine ut på fjorden med sin egen seilbåt. No har Eirik også lyst til å segle heilt ålene, og bestemmer seg for å segle ut på fjorden i ein liten seglbåt. Han er spent på om det blir for mykje vind og om båten vil tippe rundt.
Jakob Mathias har lenge hatt lyst til å sove i telt heilt åleine, og no skal han endeleg få prøve det. Han vil til og med plukke sopp på vegen og fiske slik at han kan lage sin eigen mat på turen. Men vil han få fisk, og vil han finne sopp - og viktigst - vil han klare å sovne når natta kjem?
Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?
Matheo har lyst til å besøke ein ven heilt åleine, slik som dei andre vennene hans klarar. Men Matheo synes det er litt skummelt å klare seg i trafikken åleine og lurer på om han vil hugse vegen til huset der bestevennen bur.
Guro elskar hestar og har lenge drøymt om å ri på fjelltur i lag med mamma. For å få lov til det må ho klare å styre hesten utan hjelp frå andre.
Rakel har vore veldig, veldig sjuk. Så sjuk at mammaen og pappaen hennar har vore redd ho skulle dø. Det siste året har Rakel vore på sjukehus nesten heile tida, for å få vekk kreftklumpane frå kroppen. Snart skal Rakel på sjukehuset igjen, for å finne ut om ho har blitt frisk. Det håpar alle at ho er!
Frei bur rett ved ei elv. Han elskar å bade og hoppe i vatnet. No vil han at onkel Even skal lære han å dykke. Då må han halde pusten kjempelenge, og klarar han det, kan han svømme blant fisk og krabber nede på havbotnen.
Teodor skal ta sprøyte på skulen i lag med heile klassa og han gruar seg og veit ikkje om han tør. Sjølv om storesøster Linea har tatt sprøyte før og seier det går heilt fint, synes Teodor sprøytespissen er skummel og er redd for at det skal gjere veldig vondt.
Anna Elise høyrer dårleg på det eine øyret, og no skal ho få høyreapparat. Ho kjenner berre bestemor som brukar høyreapparat, og ho er gammal. Anna Elise gruar seg til å komme på skulen med høyreapparatet på seg. Kanskje dei andre ikkje vil leike med henne lenger?
Selma har bestemt seg for å lage fiskemiddag til heile familien i lag med morfar. Ho vil både fiske og lage til maten sjølv, men ho er spent på om ho får nok fisk og om gjestane vil like middagen. Ho skal nemleg lage noko som heiter rakfisk, og det smakar ganske sterkt. Selma veit faktisk ikkje om ho klarar å ete slik fisk, men no vil ho prøve.
Marta er god i hundekøyring, men ikkje så god som storebror Jan. I den neste hundekøyringskonkurransen vil ho prøve alt ho kan for å komme først i mål. Før konkurransen må Marta øve med hundane så ofte ho kan. Tenk om ho klarar å slå storebror!
Lina går på Rytmisk Sportsgymnastikk, som er en blanding av turn og dans. No skal ho opptre framfor mange menneske for fyrste gong. Ho skal klare både å gå i spagaten og slå hjul. Lina øver og øver, men ho er veldig spent på om ho vil greie å hugse alle trinna.
Eyvin vil lage sin eigen film, men har aldri gjort det før. Han trur det kjem til å ta eit heilt år å bli ferdig, og han trur det blir vanskeleg. Ideen hans er å lage film om katten sin, som ikkje har venner. Kanskje klarar Eyvin å få til ein film til slutt- visst nokon kan hjelpe litt?
Malou skal på ekspedisjon i lag med mamma og veslesøster, Dina. Dei skal gå langt på ski og overnatte i snøhole på fjellet. Malou har aldri sove i snøhole før, og er redd den skal rase saman mens ho søv!
Johanna elskar fart og har lenge drøymt om å fly. No skal ho snart få vere med på tur i onkel Norvald sitt fly. Ho er spent på korleis dei skal klare å komme seg opp i lufta og om ho vil tørre å styre flyet.
Om vinteren står Sverre masse på ski, men no har han lyst til å stå på ski på sommaren også. Han vil nemlig prøve å stå på vannski etter ein båt som køyrer veldig fort. Sverre lurer på om han klarar å reise seg opp i vannet og stå på fyrste forsøk.
Bjørn Peter har aldri vore på isbre før, men no skal han og pappa på isbretur. Bjørn Peter gruar seg litt. Mest av alt er han redd han skal ramle ned i ein djup sprekk!
Matilde skal snart slutte i barnehagen og starte på skulen. Som ei avslutning skal førskulegruppa overnatte i barnehagen. Matilde har aldri sove borte frå mamma og pappa før, og er spent på om ho klarar å sovne.
Even har lyst å hoppe frå 5-meteren. Heile familien hans gjer det, men Even har ikkje turt. Han øver seg på å tåle høgde og fart i klatreveggen og i ein klatrepark. Til slutt reiser han tilbake til bassenget for å sjå om han endeleg vågar å hoppe utfor.
Noah skriv songar heilt sjølv og likar og synge dei framfor publikum. No har han bestemt seg for å skrive ein song om vennskap til klassen sin, og gje dei ein CD kvar. Han er veldig spent på om klassen vil like songen og om han hugsar teksten når han skal framføre den.
Aleksandra øver masse i lag med drillgruppa si. Ho skal nemlig vere med på eit stort drillstevne. Der må ho hugse mange trinn og alltid vite kor ho skal stå, men det viktigaste er at ho må smile heile tida. Vil ho klare å hugse det?
Jonah er ofte i lag med pappa på jobb på akvariet. Han elskar å hjelpe til med å mate krypdyra og fiskane. No er det fødd mange små krokodillebabyar. Jonah vil bygge eit nytt bur ,slik at dei kan vekse seg store der. Men vil krokodillane like seg i det nye buret?
Nesten alle i familien til Ruth driv med ein idrett som heiter skifeltskyting. Ruth vil og prøve, men då må ho øve og øve for å klare to ting samtidig: Å gå fort på ski og treffe blink med gevær. Det er veldig vanskeleg.
Erian har ein bestefar som eig mange store lastebåtar. No håpar Erian at han skal få lov til å styre ein av båtane. Men tenk visst han krasjar? Då kjem bestefar til å bli sur!
Ariell leikar masse ute, og aller helst likar ho å ake og stå på ski. Men Ariell er lam i beina og klarar ikkje å gå, difor brukar ho piggkjelke når ho skal på ski. Ho har lenge drøymt om å vere med på eit skirenn og endeleg har ho bestemt seg for å prøve!
Karoline ser på når eit føll blir fødd heime på garden. Føllet skal ho få trene opp til å vere med på hennes første hesteutstilling. Den rampete folen, som heiter Leik, vil berre tulle og tøyse. Korleis skal det gå, når ho skal få han til å stå i ro framfor strenge dommarar?
Lea sitt eige dukketeater og ho likar å ha framføringar for familien. No skal Lea vere med i eit ekte barneteater for første gong. Ho har aldri hatt replikkar før og gruar seg til å seie dei høgt framfor publikum. Lea øver masse for å bli trygg på det ho skal seie.
Sissel og vennane å leike cowboyar. Sissel elskar cowboyleikar. No vil ho lage ein cowboyfest i hagen for heile skulen der alle må ha på seg cowboyklede. Det er mykje å gjere før gjestane kjem. Sissel må rekke å gjere alt i tide, og ho håpar alle vil komme.
Sol er med på orientering. Då spring ho ute i naturen og leitar etter postar som er gøymde. Pappa er alltid med for å hjelpe ho å finne den rette vegen på kartet. No vil Sol lære seg å bruke kartet sjølv slik at ho kan gå åleine, men ho tykkjer det er vanskeleg og er redd for å gå seg vill.
Simon Elias kan å sykle, men det kan ikkje han. Når dei andre syklar på to-hjulsykkel, syklar han på sparkesykkel. Det synes Simon Elias er dumt og no vil han prøve hardt på å lære seg å sykle, sjølv om han er redd for å tryne skikkeleg.
Norah ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene. Norah har også lyst til å lære seg å surfe, men tykkjer det ser vanskeleg ut og er redd for å bli kasta rundt under bølgjene. For å lære seg å halde balansen øver ho seg mykje på rullebrettet sitt.
Tobias sin pappa går mykje på hjortejakt. Av og til får Tobias lov å vere med, men han har aldri sett når pappa skyt ein hjort. Aller helst vil Tobias vere med å jakte om natta, men då må han klare å vere heilt stille og passe på at han ikkje sovnar.
Thea må alltid passe ekstra på når ho skal ete slik at ho ikkje set maten fast i halsen. Mandlane i halsen er store og gjer det vanskeleg å ete og puste. No skal Thea operere vekk mandlane, men ho gruar seg til operasjonen og er redd det vil gjere vondt.
Samuel kan mykje om dinosaurar og har mange dinosaurfigurar. No vil han lage ei utstilling med alle dinosaurane sine. Barnehagen kjem for å sjå på, og Samuel gruar seg til å prate høgt framfor alle. Han håpar at dei likar utstillinga hans.
Betty har ein hund som skal få kvalpar, og Betty skal få vere med på kvalpefødsel for første gong. Ho er spent på korleis det skal gå og kor mange kvalpar som kjem. Betty gler seg til å leike med kvalpane, men gruar seg til dei må flytte.
Henning likar å lage lyd og skulle ønskje han hadde sitt eige trommesett. Men det kostar pengar og Henning må spare. Han hjelper både mamma, pappa og naboane for å tene pengar, og håpar han får nok slik at han kan kjøpe seg trommer.
Paola syklar mykje, men mest i gata der ho bur. Det artigaste er å sykle fort i nedoverbakke. No vil Paola prøve å sykle i skogen på bratt sti, men det ser vanskeleg ut. Røtene på stien kan vere glatte, og Paola er redd ho skal ramle.
Magnus går ofte på fjelltur og likar seg i naturen. No vil han prøve å gå opp på den høgste fjelltoppen i Norge, Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta. Men det er langt opp, og Magnus må krysse ein bre for å komme seg til toppen.
Rithusha er flink til å spele piano. Pianolæraren spør om ho vil spele kyrkjeorgel framfor masse folk. Rithusha øver og øver fram mot den store konserten i kyrkja, og håpar ho klarar å spele alt rett.
Nico er veldig flink til å turne. Han lærer nye triks heile tida og snart skal han vise dei fram i konkurranse. Aller helst vil han klare dei utan å gjere feil.
Mina har gleda seg lenge til si første handballturnering. Men ho har brote armen og får ikkje vere med på treningane. Ho håpar armen blir fort bra slik at ho får spelt sin første handballkamp
Eva-Lovise skal besøke mormor og må fly heilt åleine for første gong. Ho likar ikkje at flyet ristar og er spent på korleis det blir å reise utan mamma.
Theodor er ofte med bestefar når han jobbar med gravemaskin, lastebil og andre store maskiner. No har han lyst til å vere med å sprenge fjell.
Birgitte bur på gard med masse sauer. I år er ho stor nok til å vere med å hente sauene ned frå fjellet etter sommaren. Det er langt å gå, men Birgitte håpar ho klarar å finne alle dei fine lamma igjen.
Madeleine vil lære seg å stå på rulleskøyter, men det er mykje vanskelegare enn ho hadde trudd. Ho øver og øver for ho vil klare å stå ned rampa i skateparken utan å ramle.
Gaute er spent fordi han skal vise fram ein kalv på kalvemønstring. Han må øve masse og håpar at kalven ikkje finn på noko tull når han skal leie den framfor publikum.
Olianna vil gjerne bade saman med vennane sine. Men ho tør ikkje å symje der ho ikkje når botnen. Ho vil klare å hoppe uti og symje på djupet, utan å vere redd for å drukne.