Norsk serie om barn og dyr. Mille har eit veldig spesielt kjæledyr, ein 7 år gammal blind sau som heiter Lene. Det som gjer ho endå meir spesiell er at ho no er drektig og ventar tre lam. Men Lene er ein gammal sau og treng å bli passa ekstra godt på fram mot fødselen. Heldigvis veit Mille korleis!