Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt. I dag er ho på djupt vatn. Der gjer ho ære på verdas største filmkjendis og får panikk i jakta på Nord-Europas minst besøkte attraksjon. I skogen møter ho eit ektepar på sopptur, som får noko langt meir sensasjonelt i korga. Sensasjonelt er også det som skjuler seg i eit sandtak i Misvær. Ein sensasjon som er ein basar verdt, men har Linda Eide edle motiv?