Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt og dreg denne gongen til den eigentlege polarsirkelen. For kvifor er det ingen som sel suvenirar der? I Brumunddal møter ho den ukjende grandiosaheltinna, og saman fyrer dei opp prøvekjøkenet der den historiske pizzaen kom til verda. I Selbu finn vi kremen av norsk strikkeelite og Nord-Europas desidert mest berømte vott. Men kor mange veit at selbuvotten er eit resultat av å kjede seg på setra? Og bli med til bygda som har 250 innbyggjarar og 900 namn, og der ingen stussar over at ein fullvaksen mann går rundt og heiter Pus.